top of page

"LokalBase


Suldal Vekst har fått presentert ovannevnte prosjekt av leiarane, Bengt Borsheim og Heidi Sanden, og vil med dette gi si støtte til konseptet.


LokalBase vil møte eit behov som reisande har når dei ferdast langs vegane våre, enten det er for å kunne orientere seg om kva som finst av aktivitetar og tilbod lokalt, eller om dei berre har behov for ein stopp. For dei som driv næring og er avhengig av å skape sine forretningsområde saman med andre, vil LokalBase kunne by på nettverk, støtte og ein god struktur for å kunne levere gode tenester og tilbod. Dette vil komme både reisande og dei fastbuande til gode.
 

Me har tru på at LokalBase vil vere eit attraktivt produkt langs dei norske vegane, med kvalitet og god lokal forankring. Spesielt vil eit slikt konsept passe godt til dei opplevinga som allereie er på plass langs dei Nasjonale Turistvegane.
 

Med beste helsing

Laila Steine Dagleg leiar

Suldal Vekst AS

Laila Steine
bottom of page